Filmen "Bølgen" har premiere på Sjøborg - og resten av landet - komande fredag.

- Vi har hittil selt 600 billettar på førehand, og trur det er ny rekord, fortel Brungot.

I utgangspunktet var det planen å ha ei framsyning fredag, og deretter køyre han laurdag og søndag. Men den store interessa gjer at filmen blir sett opp på Sjøborg med tre framsyningar både fredag, laurdag og søndag.

- Der er ein del ledige billettar, men eg trur folk bør raske på viss dei ønskjer å sjå han i helga, tipsar kinosjefen.

- Imponerande film

Kristine Brungot var tilstades under filmfestivalen i Haugesund då "Bølgen" vart vist.

- Filmen er imponerande. Det var spenning frå første minutt, og ein time og førtifem minutt med intensitet, fortel ho.

Mykje av handlinga i filmen er lagt til Geiranger. Alarmen går ved skredsenteret i Geirangerfjorden, og raset som geologane har frykta er eit faktum. Dermed er ei gigantisk flodbølge på veg mot Geiranger.

Den erfarne geologen Kristian Eikfjord (Kristoffer Joner) står brått opp i sitt livs verste mareritt. Han er splitta frå familien sin, og det er 10 minutt att til det fossande infernoet kjem. Det blir ein livskamp mot klokka før dei kraftigaste naturkreftene Norge har sett møter land.

Sentrale skodespelarar elles er Ane Dahl Torp og Arthur Berning.

- Ein film alle bør sjå

Filmen har fått gode kritikkar I norsk presse, men ikkje alle er like glade for filmen, forståeleg nok. Samstundes har  ordførar i Stranda uttalt, etter sjølv å ha sett filmen, at dette er ein film folk bør sjå.

Det er også håp om at filmen vil kunne vere med på å løyse ut dei 50 millionane til drenering som kan stabilisere fjellet, då det truleg er vatn som får Åkerrenna til å røre på seg.