Lærar Elisabeth Rønning fortel at tidlegare var den fysiske aktiviteten ved Ulsteinvik barneskule stort sett avgrensa til fotball og «jungelen». Dei andre vart gåande rundt i skulegarden. Men no er tilbodet i friminutta mykje betre.

– Dette er eit kjempeprosjekt! Det styrkar den fysiske aktiviteten og forhindrar mobbing, fortel Rønning engasjert.

Ho har lese om slike leikepatruljar på andre skular, så då Ulsteinvik barneskule tenkte å starta opp dette prosjektet melde ho seg frivillig til å ta ansvar.

Rift om å vere trivselsleiarar

To elevar frå kvar klasse frå fjerde- til sjuande klasse er plukka ut til å vere trivselsleiarar. Dette er elevar som kan vere eigna til å leie ein leik og som tek ansvar for medelevane sine. Desse skuleelevane har vore på kurs i Ulsmohallen der dei lærte mange nye leikar.

Fire dagar i veka tar dei ansvar og styrer leik i matfriminuttet. Dei fordeler seg på 10–11 stasjonar der skuleelevane kan vere med på ulike aktivitetar som dans, sisten, eggeløpa og anna.

Rønning seier trivselsleiarane vil få ei form for påskjønning. Ho er litt usikker på kor lenge elevane skal få vere trivselsleiarar, det er eit stort ansvar, og det er fleire elevar som har lyst til å prøve seg. No skal ho til Ålesund, der dei har hatt denne ordninga i fleire år, for å lære meir om korleis dei organiserer det.

Betre miljø

Det er frivillig for skuleelevane om dei vil vere med i leikane til leikepatruljen, og kor mykje dei vil vere med. Dei kan gå til dei stasjonane dei har lyst, eller dei kan la det vere. Det er framleis område av skulegarden avsett til frileik.

– Dette skal vere positivt og gje eit betre tilbod, forklarer rektor Vegard Gurskevik.

I tillegg til å at elevane no har fleire tilbod til fysisk aktivitet, fungerer dette tiltaket fint for å betre det sosiale miljøet på skulen. Om nokon blir gåande aleine kan dei hive seg med i ein organisert leik. Og ser trivselsleiarane at nokon går aleine, kan dei spørje om dei vil vere med.

Dei organiserte leikane fungerer også preventivt mot «mobbarane». Dei blir opptekne av å leike. Det er helst når dei kjedar seg at dei finn på ugagn, meiner Rønning.

Trivselsleiarane styrer leiken og passer på at alle som er med oppfører seg fint og ikkje plagar dei andre.

Aktivitetane vil variere etter årstid og kva som fungerer.