Partileiar for Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, møtte NHO-president og visekonsernsjef i Ulstein Group, Tore Ulstein, til ein samtale på Småtinget i Fredrikstad onsdag. Småtinget, i regi av NHO, har i år mange tema, mellom anna omstilling og rammevilkåra til næringslivet.

Samtalen mellom Gahr Støre og Ulstein var ein samtale med omstilling, skatt, eigarskap og kompetanse som tema. Samtalen enda med at Ulstein inviterte Gahr Støre til Ulstein, noko også Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Magne Grimstad jr. gjorde dagen i forvegen. Den invitasjonen takka partileiaren ja til. Nøyaktig når dette blir, kom ikkje fram.

Støttar privat norsk eigarskap

Noko som har vore veldig viktig for NHO-president Tore Ulstein, også som visekonsernsjef i Ulstein Group, har vore rammevilkår for norske, privateigde selskap. Ap-leiare uttrykte tydeleg støtte til privat, norsk eigarskap, då han møtte NHO-presidenten til samtale:

- Vi har aldri sagt at ein skatt er perfekt eller ikkje har sideverknader, men vi meiner regjeringa gjer ein feil ved å løfte frem ein skatt. Det gjer skattereforma vanskelegare. Ap vil sjå på utfordringane, men finansministeren gjer det vanskeleg med å seie at skattane skal ned, sa Støre under samtalen.

- For oss bør eit skattesystem vere enkelt å forstå, forutsigbart for bedriftene, kunne finansiere fellesskapet og sikre lønnsam produksjon og investeringar, la Støre til.