Møre og Romsdal satsar på rekordoppslutning for årets TV-aksjon. Dag Hareide frå Regnskogfondet skal reise gjennom fylket for å inpirere til innsats for verdas regnskogar. Hareide er nyleg utnevnt til riddar av St. Olavs. Orden 1. klasse. Han fekk utnevninga for sitt livslange engasjement for ein meir rettferdig og grønare klode. I dag jobbar han som spesialrådgjevar i Regnskogfondet.

- Eg gler meg til å besøke Ulsteinvik. Den frivillige innsatsen som blir gjort lokalt for årets TV-aksjon til Regnskogfondet er imponerande og rørande, seier Hareide som også skal til Ålesund, Molde, Kristiansund og Surnadalen.

Hareide kjem til Quality Hotel Ulstein måndag 31. august. Hareide vil fortelje om kvifor det no hastar å redde regnskogen og korleis prosjektet som skal motta støtte gjennom TV-aksjonen til saman vil vokte eit område med regnskog på storleik med Noreg og Danmark til saman. Fylkesaksjonsleiar Marius Hammer reiser rundt i lag med riddar Hareide.

- Årets TV-aksjon skal bevare regnskogen i Brasil, Peru, DR Kongo og på øya Ny Guinea. Eg har møtt folk som dagleg kejmpar for å forhindre at skogen dei lever av blir øydelagt og har mange sterke historier å fortelje. Eg gler meg til å mte engasjerte folk i Møre og Romsdal som er klåre til innsats for verdas regnskogar, avsluttar Hareide.