Hareid kommunestyre har møte torsdag 3. september. Og på dette møtet må ordførar Anders Riise svare på interpellasjonen til Marit Øien Sæverud frå Kristeleg Folkeparti.

Dette står i interpellasjonen:

"Prestebustadsaka er så pinleg for Hareid kommune at eg kjenner det langt inn i ryggmargen berre eg nemner ordet. Parkeringsselskapet har teke svært lang tid å få på beina, og no lurer eg på kva som skjer med reguleringsplanen for industriområdet Raffelneset når det gjeld detaljreguleringa for eigedomane til Holstad Rørservice m.fl. Saka kunne ha vore avgjord i september 2014, altså for eitt år sidan, men ho står framleis ikkje på sakslista når vi no skriv september 2015. Ser at det kjem ei ny reguleringssak for tilstøytande areal til formannskapsmøtet måndag 31. august, men saka som gjeld slutthandsaming i tråd med det som låg føre i september 2014 for arealet til Holstad Rørservice m. fl. er ikkje teke omsyn til der heller.

Eg gler meg over at fleire verksemder no er i drift - og under utvikling - på Raffelneset, og vi har mellom anna fått eit praktbygg mot sjøen, med tilliggande kaiareal. Det er flott med eit mangfald av bedrifter i dette området, og det er viktig at vi som politikarar i desse omstillingstider frå oljeindustri til andre typar industri er vakne og aktive slik at bedrifter innan andre næringar også kan få utvikle seg. Vi treng ulike typar bedrifter for å ha fleire bein å stå på.  Holstad Rørservice arbeider innanfor ei framtidsretta næring, og er avhengige av å utnytte arealpotensialet fullt ut i tilknyting til eigedomen sin, i samsvar med eksisterande kommuneplan.

Kva har ordføraren gjort med sikte på å leggje til rette arealbruk i samsvar med kommuneplanen sin arealdel, slik at bedriftene i det aktuelle området kan utvikle eigedomane sine i tråd med behov og moglegheiter med tanke på å skape framtidsretta arbeidsplassar i lokalsamfunnet vårt?

Kva tid vert reguleringssaka lagt fram til slutthandsaming i kommunestyret?"