I desember 2013 hadde eit sambuarpar frå Hareid bestemt seg for å ta ein hyggekveld ved ein utestad i bygda. Men kvelden vart ikkje så hyggeleg. Ein ukjent mann kom bort til bordet deira og sette seg ved sida av sambuaren. Den ukjende vart meir og meir nærgåande mot kvinna, og i det ho reiser seg for å kome bort frå den ukjende, tek han handa opp i skrittet hennar, under skjørtet.

Slo på rein refleks

Sambuaren hennar blir provosert og på rein refleks slo han mannen i andletet med knytta hand. Resultatet var at mannen fekk blåveis og brot i augehola.

Saka var oppe i Sunnmøre tingrett 19. august, og vart handsama som ei rein tilståingssak. Mannen som slo har tilstått utan atterhald.

Retten forstår at han vart provosert

Retten har forståing for at mannen vart provosert over oppførselen som den fornærma hadde overfor sambuaren hans, og at han var i berettiga harme.

Retten meiner også at det er formildande at liggetida hos politiet har vore lang, og at den sikta har tilstått gjerninga utan atterhald.

- Men valdsutøvinga har likevel ein slik karakter og alvor at retten ikkje finn å kunne idømme betinga fengselsstraff, står det i saksutgreiinga.

Samfunnsstraff i staden for fengsel

Sjølv om det normalt ikkje skal reagerast med samfunnsstraff i denne typen valdssaker, har retten kome til at ein slik reaksjon vil vere rett.

- Basert på dei spesielle omstenda rundt oppførselen til den fornærma, og kombinert med lang sakshandsamingstid hos politiet, har retten kome til at samfunnsstraff likevel ikkje vil framstå som støytande på almenta, heiter det i utgreiinga til Sunnmøre tingrett.

Dommen vart derfor 60 timars samfunnsstraff, med ei gjennomføringstid på 120 dagar. Han må i tillegg betale ei erstatning på 1094 kroner til den fornærma.