Mange menneske slit med angst, uro, nedstemtheit og stress i kvardagen sin. Angstringen inviterer alle innbyggjarane til eit ope møte om angst og sjølvhjelp. Føremålet med møtet er å informere om korleis det er mogleg å ta tak i angstproblema gjennom å delta i ei sjølvhjelpsgruppe.

Torsdag 3. september blir det ope møte på Ulstein Frivilligsentral.

Ivar Jensen og Elisabeth Jørgensen frå Angstringen Norge vil halde innlegg om angst, motivasjon og endring. I tillegg vil dei fortelje korleis ei sjølhjelpegruppe i Angstringen fungerer.

Jensen og Jørgensen har sjølv erfaring med angst og sjølvhjelp. Dei har engasjert seg i mange år på frivillig basis for Angstringens sjølvhjelpsarbeid.

Denne kvelden vil dei også vise filmen "Jakten på egne krefter", ein film om angst og endring. Filmen handlar om to kvinner og to menn som lever forskjellige liv, men har ein ting felles: Dei har teke tak i angsten sin. Alle fire står fram med forteljingane sine om korleis dei har klart å kome seg ut av ein hemmande angsttilstand. No lever dei eit liv på godt og vondt.