Like før klokka elleve tok det til å brenne i ein limousin midt oppå Eiksundbrua. Alle naudetatane rykte ut.

Raskt var brua full av blålys.

Sunnmøre poltidistrikt melde at sjåføren og dei sju passasjerane kom seg uskadde ut av bilen. Bilberging var på veg.

Rundt halv tolv var brannen sløkt. Vegen er no opna igjen for trafikk.

Politiet melder om at etterforsking pågår. Det er førebels ikkje klart kvifor bilen byrja å brenne.