Tysdag 1. september gjennomførte LO-sentralt ved Terje Olsson bedriftsbesøk hos Ulstein Elektro Installasjon AS.

Saman med Olsson var Kari Hoset Ansnes frå LO Møre og Romsdal og Stig Heggem frå El & IT Forbundet i fylket. I fylgjet var også ordførarkandidat for Ulstein Arbeidarparti, Magne Grimstad jr.

Det var det lokale El & IT Forbundet ved Tore Dukefoss og lærlingansvarleg Hanne Notøy som tok i mot fylgjet. Sidan møtet blant anna fokuserte på lærlingordninga, var elektrikar-lærling Oscar Sundal med på omvisninga.

- Vi fekk eit godt innblikk i dei utfordringa næringa står overfor i desse dagar. Mangel på kontrakter gjer arbeidssituasjonen svært krevjande og den lokale fagforeininga ber regjeringa om å sette inn tiltak som kan hjelpe den maritime næringa over kneika. Det blei peika på utvida permiteringsperiode frå 30 til 52 veker og endå større fokus på bedriftsintern opplæring (BIO) som nokre av dei viktigaste tiltaka, kommenterer Magne Grimstad.

Om bord i «Island Venture»

Gjestene fekk også omvisning på det nye skipet Island Venture som ligg ved kai for utrustning. Her fekk vi møte fleire lærlingar, blant anna Stine Lund frå Lom og Martine Vindfjell frå Nordfjordeid. Begge to trives særs godt og skrytte av den gode mottakinga dei har fått. Skipet seiler over Atlanterhavet om tre månader