Truls Håbakk (Framstegspartiet) sa på sist kommunestyremøte i Hareid at han var skuffa over at administrasjonen ikkje var meir positive til å søkje om at Hareid kan vere med i ei forsøksordning med statleg finansiering av omsorgstenesta.

Kommunalsjef Berit Aasen opplyste om at kommunen ikkje stettar kravet om bemanna tildelingskontor med personell som ikkje deltek i tenesteproduksjon. Difor er det ikkje vits i å bruke meir tid på denne saka. Men Håbakk meinte det uansett berre var å søkje. Dette ville gje kommunen 3 millionar ekstra til omsorg.

– Eg er glad me ikkje er så robuste at me har eigne tilsette som administrerer dette, kommenterte Kristian Fuglseth og frykta sentralisering og privatisering.

Kommunestyret vedtok å ikkje søkje, mot Frp sine fire røyster.