- Dette er kjekt det. Vi får rydda vekk det andre berre har kasta i frå seg, seier Lukas Kvalsund Grødahl. Han og kameratane Ole Petter Holstad Myklebust og Karl Petter Brevik var mellom dei som rydda Osnessanden torsdag kveld. Dei litt over 20 handballspelarane rydda med seg alt i frå store plastflak til tau og glasbrot.

- Vi fann bobleplast, ein bikini, og mykje anna sjukt, seier Ole Petter og Karl Petter.

Kvart lag eller organisasjon som er med i Tussas Krafttaket 2015 må gjere ei god gjerning før 30. september. Hødd Handball bestemte seg difor for å rydde strendene Osnessanden, Roppesanden og Ulsteinstranda.

- Dette gjer vi for å bidra til at desse flotte rekreasjonsområda skal framstå som ryddige og i god stand for dei som ønskjer å vere her på fritida. Det kan vere greitt å sleppe glasbrot og andre ting som ikkje er så hyggeleg å finne når ein går på desse strendene, fortel Kathrine Gåsvik Ulstein til Vikebladet Vestposten.

100.000 i potten

Krafttaket vart til i 2013. Det blei i år trekt ut nye ti lag og organisasjonar som skal konkurrere om stemmene.

Det er i alt 100.000 kroner som skal delast ut til dei ti nominerte laga og organisasjonane, og dei som får flest stemmer får til slutt den største delen av potten. Resten blir fordelt alt ettersom kor mange av stemmene kvart einskild prosjekt får. Ein kan stemme heilt fram til 30. september.

Klasse 9B ved Ulstein Ungdomsskule er også med i Krafttaket, og ein kan stemme på dei på same sida.

Denne trioen var mellom dei ivrigaste strandryddarane. Frå venstre ser du Ole Petter Holstad Myklebust, Karl Petter Brevik og Lukas Kvalsund Grødahl. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.