På 30 meters djup ligg lekteren som sokk utanfor Haddalvika ved Ulstein Betongindustri førre veke. Under pålasting av ein bølgjedempar på 700 tonn, fekk lekteren problem då den skulle legge ut frå kai. Det gjorde at den sokk.

20 minutt per dag

Torsdag førre veke byrja dei berginga. Kristiansund Taubåtservice som eig lekteren, trudde redningsaksjonen skulle gå raskt og greitt. Men dei fann straks ut at jobben vart meir omfattande, sidan det er lekk i ein eller fleire ventilar på tanken som held den flytande.

Vidar Moldskred ved Ulstein Betongindustri, fortel at dykkarar frå Hareid Sub Sea er i gang med å hjelpe taubåtverksemda med å få den opp att.

– Det har ikkje gått heilt som planlagt. Samstundes syner det seg at dykkarane ikkje kan dykke meir enn 20 minutt for dag. Og det er ikkje mykje dei får gjort på så kort tid. Men no ser det ut til at Hareid Sub Sea og Kristiansund Taubåtservice vil prøve å få den opp i kveld eller i natt til torsdag, fortel Moldskred.

Nær vassleidning

Då lekteren sokk tysdag landa den faretrugande nær ei vassleidning. Dykkarar tok ein inspeksjon og fann ut at lekteren låg berre tre snaue meter ifrå. Tor-Inge Moldskred ved Ulstein Betongindustri rapporterte til avdelingsleiar Odd Kåre Wiik ved drift og anlegg i Ulstein kommune om hendinga.

Wiik har svart om at det no er stor sjanse for at vassleidninga kan verte skadd.

– Ulstein kommune vil krevje ein videodokumentasjon av situasjonen. Er vassleidninga skadd vil vår entreprenør måtte stå for eventuelt utbetringsarbeid, skriv Wiik i svar til Ulstein Betongindustri.

Wiik legg til i teksta at dei i desse dagar held på med leidningsanlegget og står føre å kople drikkevatn på denne leidningen.

Til Vikebladet Vestposten fortel Vidar Moldskred at dykkarane har kika nærare på leidningen, og at dei ikkje finn noko teikn på at lekteren har vore i kontakt med den.

– Lodda på leidningen ligg der dei skal, og den har ingen synlege skadar, avsluttar Moldskred.