Leiv Jakob Berstad frå Haddal kom først i mål i det første Grimstadvatnet Rundt-løpet denne sesongen i dag laurdag. Det overraska mange.

Han gjekk ut i eit veldig tempo – og skaffa seg ei god leiing. Dei som trudde han kom til å sprenge seg, tok feil. Berstad heldt koken inn til mål og vann på tida 28.44.

Bak uttrykket ”overraskande vinnar” ligg det faktum at Berstad har budd i Bergen i fleire år – og dermed ikkje vore ein del av løpsmiljøet her i distriktet. Han har vore med i Grimstadvatnet Rundt berre ein gong før, og det er nokså lenge sidan. I haust flytta han tilbake til heimkommunen og begynte på Rolls-Royce. Så heretter er vi nok meir obs på kapasiteten hans.

Leiv Jakob fortel at han trenar berre 2-3 gonger i veka. – Men når eg først trenar, så gjer eg det med høg intensitet, opplyser han.

Like bak seg i mål hadde han Hallstein Saunes frå Hødd, som sprang på 28.50.

Ytterlegare to løparar kom under 30 minutt denne laurdagen. Det var Martin Hauge Nilsen og Egil Tennfjord Mikalsen, som fekk tidene 29,32 og 29,37.

Av kvinnene var veteranen Ingunn Eikrem Olsen frå Hasundgot først i mål på 36,34.

Det var strålande forhold under løpet, som samla 46 deltakarar. Neste løp er første laurdagen i desember.

Resultat Grimstadvatnet rundt 1. løp 2012-2013, 3. november 2012:

KVINNER

K 17-34

50 Vibeke Lunheim 40,41

24 Ingvild Slotterøy UVS 43,37

K 35-39

35 Kristin Myrene Haddal 41,12

K 50-54

63 Solfrid Pettersen Hansen Bergsøy 38,20

72 Sølvi Løvøy UVS 38,25

14 Birgit Baade Sunde 39,23

71 Mette Lokna Nedreberg Bergsøy 40,57

K 55-59

45 Ingunn Eikrem Olsen Hasundgot 36,34

MENN

M u 17 år

84 Simon Holstad Grimstad Hareid 31,29

M 17-34

73 Leiv Jakob Berstad Haddal 28,44

82 Martin Hauge Nilsen Kondis 29,32

48 Egil Tennfjord Mikalsen XOT 29,36

56 Ådne Andersen Hareid 31,14

83 Onar Huldal Kondis 32,40

85 Arve Vestnes Kleven 35,31

13 Morten Andersen Spjelkavik og omegn 40,20

M 35-39

66 Joar Gjerde Hareid 30,33

54 Jan Endre Rise Hareid 31,37

80 Roy Kristensen Kleven 39,01

M 40-44

76 Jan Einar Roos SUFH 30,29

90 Jonny Tømmerbakk Ulsteinvik 31,22

65 Rudy Amundsen Kleven 34,01

87 Tord Espelid Hødd 34,41

59 Geir Kåre Øvrelid, Ulstein sykkelklubb 35,04

86 Terje Storvik Nilsen Kleven 44,07

79 Richard Jensen Kleven 47,46

M 45-49

38 Hallstein Saunes Hødd 28,50

64 Bjørn Oskar Holstad Hareid 33,08

34 Tor Dimmen Freddan 36,12

31 Bjørn Roppen Freddan 37,33

40 Arnkjell Brandal Hasundgot 47,44

M 50-54

18 Arnfinn Oksavik Dimna 31,02

15 Stig Brautaset Freddan 31,27

25 Gunnar Johnsen Freddan 34,48

94 Tor Havåg Ulstein sykkelklubb 37,41

60 Hans Kristian Velsvik Bergsøy 38,15

62 Åge Sandvik Kleven 38,40

M 55-59

30 Odd Elvanes Hareid 32,10

88 Eldor Skeide Freddan 33,34

53 Dag Snipsøyr Hareid 35,59

42 Per Arne Pedersen Hasundgot 37,56

78 Vidar Ulstein Hødd 44,18

M 60 - 64

96 Odd Arne Holstad Hareid 34,51

44 Kjell M. Fagerlund Hasundgot 36,56

57 Per Storøy Bergsøy 44,10

M 65-69

58 Per Gjerde Hareid 39,59