Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol i Ulstein har kontakta Folkeinstituttet for å få svar på om ein reduksjon av hjortebestanden vil gi mindre flåttplager.

Færre hjortar, færre flottar

Folkeinstituttet slår fast at reduksjon av hjortevilt på ei øy vil redusere mengda med flått. Dei viser til forsøk på den militære øya Rauer i Oslofjorden, der elg var komen over, og på Veierland i Nøtterøy der rådyrbestanden vart redusert. Også utanlandske forsøk viser det same.

Eigedomane på Eika er organisert i Eiksund storvald. Valdet er grunneigarstyrt og jaktar etter ein fleirårig bestandsplan. Gjennom bestandsplanen har valdet høve til å påverke talet på dyr som skal fellast. Ein av tankane bak jakt etter bestandsplan er nettopp å ta ut hjort frå områda der tettleiken er størst eller der hjorten skaper problem.

Eiksund storvald vil redusere uttaket

I eit svar til Eika Grendalag viser Søre Sunnmøre Landbrukskontor til at Eiksund storvald fekk godkjent ein ny bestandsplan for perioden 2012–2014 tidlegare i år. I denne planen skriv valdet at dei ynskjer å redusere uttaket av hjort med bakgrunn i bestandsutviklinga. Problem knytt til flått var ikkje nemnt i det heile.

Har felt færre enn dei har løyve til

Eiksund storvald har fått tidelt løyve på felling av 60 dyr over 3-årsperioden 2012-2014, i tråd med søknaden dei la fram.

I førre planperiode, 2009-2011, hadde valdet løyve til å felle 99 dyr over tre år, men berre 65 vart felt.

– Dette betyr at det har vore høve til å ta ut 34 fleire dyr dei siste 3 åra. Det er difor vanskeleg å sjå at kommunen si tildeling av løyver er til hinder for felling av dyr på Eika. Om grunneigarane i valdet no ser at den tildelinga som er gjort for dei komande åra ikkje er tilstrekkeleg med tanke på flåttproblematikken står dei sjølvsagt fritt til å søkje om ein ny bestandsplan med eit høgare uttak av hjort, heiter det i svaret frå Søre Sunnmøre Landbrukskontor.

Attgroing gir flått

Landbrukskontoret legg til at hjortestamma ikkje er den einaste forklaring på flåttproblematikken på Eika. Populasjonen av flått er generelt aukande, og attgroing og fråvær av husdyr som beitar i utmarka på Eika forverrar situasjonen.

Tiltak som rydding av vegetasjon, særleg langs dei mest brukte turstiane, og dyr på beite kan og føre til betring.