I 2011 skaut jegrane 592 dyr under hjortejakta i Vanylven. Året etter - i 2012 - felte dei berre 411, d.v.s. ein nedgang på 181 dyr.

Terje Kolstad, som tidlegare var landbrukssjef for Hareid, Ulstein og Herøy - men no er avdelingsleiar i Vanylven kommune - trur ikkje årsaka er redusert stamme.

- Eg trur forklaringa på redusert felling er at jaktpolitikken dei seinare åra har vore vellykka - ved at vi har fått bort mange av dyra som beiter og gjer skade på innmark, seier han til Synste Møre og viser til at hjorten er eit flokk- og vanedyr. Når innmarksdyra blir borte, vil hjorten i større grad beite der han høyrer heime - i fjell- og utmarksområde.

- Og eg trur at jegrane ikkje har teke heilt inn over seg denne åtferdsendringa. Dei har dermed jakta meir i dei nære områda der det no har vorte mindre hjort, meiner Kolstad, som stadig får rapportar frå folk som ser hjort i fjellet. Sjølv talde han for ikkje lenge sidan 70 dyr under ein tur over Eidet frå Fiskå til Eidså.

Også dei årlege teljingane indikerer at det ikkje er store endringar i talet på dyr, meiner han.

Som tidlegare skrive har det også vore ein markant nedgang i fellingsresultata i Hareid, Ulstein og Herøy.