Aksjonen var eit samarbeid mellom det lokale Venstre-laget og "Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja".

”Ballongane” vart sleppte frå kaikanten og steig roleg mot himmelen i det fine kveldslyset. Etter ei stund kunne dei som følgde ballongane konstatere at nokre av dei danna ein Karlsvogn-liknande figur på himmelen.

Før det hadde fylkesleiar for Natur og Ungdom, Torgeir Vestre, halde ein appell der han bad for den sårbare naturen, som no er truga av oljeaktivitetar. - Skulle det bli noko av oljeboring i dei nemnde områda, stadfestar Norge at dei ikkje har planar om å gjere noko med klimakrisa, hevda Vestre.

- Klimaendringane kjem, men ein temperaturauke på 2 grader treng ikkje bety så mykje, men går vi over det, blir konsekvensane fort store – og land kan synke ned under havflata, sa han vidare.

- i i Norge har store føresetnader for å kunne gjere noko, sa Vestre og viste til Norges Fiskarlag sin uttale om at Lofoten, Vesterålen, Senja og Mørebanken er dei fire plassane her i landet der ein absolutt ikkje bør drive med oljeboring.

- Med kranane på Ulstein Verft som bakgrunnskulisse (og med fiskerikommunen Herøy like bak), bad Vestre om at Stortingsvalet 2013 ikkje måtte bli det valet då ein let fiskeriet i stikken og gav opp miljøsaka.