Etter kvart som barskogen mellom Høddvoll og Varleite har vakse til, har dei som bur i Varleitemyra  og kringliggande område fått øydelagt utsikta mot havet. Men no går det brennfort med å felle skogen. Eit arbeidslag tok til på jobben tysdag denne veka - og dei er alt komne langt. Det er planen å felle skogen både på nedsida og oppsida av vegen. På oppsida er det innteikna eit tomtefelt, som sannsynlegvis vil vere attraktivt.

Dei som bur bak skogen her mista utsikta suksessivt utover på 1980- og 1990-talet - og mange av husa seier farvel til kveldssola alt i 9-tida på høgste sommarsdag. Den tida er det no slutt på. No kan dei etter kvart nyte for fullt synet av Flåværleia og kyststroka utanfor - og ikkje minst hurtigruta, når ho kjem siglande.

- Også økologisk bra

Miljøvernleiar Alv Ottar Folkestad helsar med glede at denne sitkagran-skogen no blir borte - også frå eit økologisk synspunkt.

- Dette er sitkagran på sitt verste, meiner han.

Sitka-grana er importert hit frå Amerika. Ho veks veldig fort og blir totalt dominerande der ho slår til. I dette området, som har eit relativt tynt torvdekke på morenejord, er treslaget heilt utstoppeleg.

Folkestad meiner at dei som plantar sitka-gran gjer det med "dollar i augene". Men treet er ikkje økologisk tilpassa og skaper problem for annan vegetasjon i kystlandskapet. - Det seier sitt at dei to største trea i verda er av redwood, medan det tredje største er ei siktagran, seier Folkestad og viser til Borgarøya der dei nedste greinene på ei sitkagran dekte ei flate på tjue meter - og der årringane viste at grana voks 5 centimeter i breidda i året.

- Det er ikkje berre det at dette treet skuggar for annan vegetasjon. Sidan det ikkje har med seg det vegetasjonsmangfaldet det har i Amerika, er det rett og slett ikkje tilpassa og samspelar ikkje økologisk her i landet.