Konserten med den canadiske musikaren Lowell vart for mange av dei frammøtte eit møte med nye lydar og musikkintrykk. Lowell vart oppdaga av Magne Furuholmen då ho sende inn nokre musikkopptak med eigenkomponerte songar.  Furuholmen vart svært begeistra. I fjor song og spelte Lowell for om lag 60.000 publikummarar på Roskildefestivalen, og ifølgje studioeigar Hugo Opdal er ho no ei stjerne som verkeleg er på veg opp.

Det var langt frå 60.000 i salen på Vonheim laurdag, talet er om lag 100. Men konserten var flott. Lowell komponerer all muskken sjølv, og ho styrer også den elektroniske delen av lydbiletet. Ho brukte både pianoet og orgelet som tilhøyrer Vonheim. I tillegg hadde ho med seg gitar og elorgel. Lowell skaper mystiske lydbilete, inderlege songstrofer og fekk ei svært god kontakt med publikum.

Magne Furholmen var til stades under konserten laurdag.

Konserten var ei oppleving. Ho skal opptre på Vonheim også i morgon.