Ein mann er funnen død i sjøen i Hareid sentrum sundag morgon.

Mannen, som skal vere i 40-åra, vart funnen klokka 07.00 etter at det vart iverksett ein leiteaksjon to timar tidlegare.

– Leitemannskap gjorde litt før klokka 07.00 funn av ein død person i sjøen i nærleiken av hamnebassenget på Hareid. Det er ikkje gjort observasjonar som indikerer at den han føreliggje straffbar handling i tilknyting til dødsfallet. Leiteaksjonen er med dette avslutta i det den omkomne er identifisert som den personen som først var sakna, skriv operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidistrikt i loggen.

Den omkomne er 43 år og busett på Hareid. Politiet arbeider no med varsling av pårøyrande.

I alt 19 personar frå Røde Kors i tillegg til mannskap frå politiet deltok i aksjonen.

– Aksjonen er no i avslutningsfasen og mannskapet dimmiterast, avslutter Tjønnøy i loggen klokka 08.10.