Etter planen skal ein prototyp av eit nytt bølgjekraftannlegg byggjast innan eit halvår, melder Sunnmørsposten.- Vi har lyst til å få det til ved eit verft på Nordvestlandet, seier gründer Geir Arne Solheim til avisa tysdag.Han har hatt idéen i 15 år. Det kan no bli ein realitet etter at han har fått 4,5 millionar frå Innovasjon Norge ogog 5,5 millionar frå investeringsselskapet Fjord Invest.Solheim har verken ingeniørutdanning eller anna teknisk utdanning, men er ikkje skremd av at selskap med større kapital har gitt opp liknande prosjekt. Svenske Vattenfall gav opp testinga av bølgjekraft ved Runde etter at testkraftverket Maren vart rasert av storebåra i 2009.Når eit kommersielt anlegg kan bli bygd er uvisst, men Solheim sitt selskap, Havkraft AS, har Siemens og Mitsubishi som potensielle samarbeidspartnarar. I tillegg har han kontakt med investorar frå Midt-Austen.Selskapet, som har tilhaldsstad i Måløy, har fire internasjonale patentar på teknologien. Dei har Runde Miljøsenter i ryggen når dei no planlegg ein prototyp på Runde.