I ein svær buss, med bilete av blant anna partileiar Audun Lysbakken i SV på sidene, hoppa førstekandidat Ingrid Opedal i Møre og Romsdal SV ut av bussen på Hareid laurdag ettermiddag. Med seg hadde ho statssekretær Ahmad Ghanizadeh i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, eit crew og ei solsikke.

Godt arbeid

Trass i at dei var éin time forseinka, då på grunn av ein ADR-tankbil som tok frå dei plassen på ei ferje på Nordmøre, smilte førstekandidaten frå øyre til øyre då ho kom ut av bussen på Hareid.

– Det gjekk hardt ut over timeplanen vår. Men vi er likevel glad over å kome til denne nydelege plassen som Hareid er, strålar Opedal.

I handa held ho ei solsikke. Den er det Ressurssenteret på Hareid som har gjort seg fortent til.

– Før vi tok laust på reisa gjennom fylket med SV-bussen, leita vi etter plassar som hadde eit viktig tilbod i kommunen. Difor var det naturleg at vi ville stoppe her, ved Ressurssenteret på Hareid. Her veit vi at det har vore utført godt arbeid i fleire år, med opplæring av flyktningar og opplæringskontor for lærlingar, fortel Opedal utanfor Ressurssenteret på Hareid.

Møre og Romsdal SV, saman med statssekretær Ahmad Ghanizadeh, stoppa innom NAV Molde på laurdag med ei solsikke. Avdelinga NAV Flyktningteneste, har hatt eit liknande tilbod som Ressurssenteret på Hareid, og fekk også ei solsikke for sine tenester og godt arbeid.

– Arbeidet med innvandrarar og flyktningar har meir eller mindre vore ein tråd gjennom reisa i fylket vårt, seier Opedal.

Utvida norskopplæring

Statssekretær Ghanizadeh fortel at dei vil jobbe for ei utvida norskopplæring.

– Vi har ambisjonar om å utvide å leggje undervisninga meir til rette. Her er integrering og innføring av obligatoriske prøver vesentleg. Vi føler at Ressurssenteret allereie gjer mykje av dette. Difor er det er viktig for oss å kome til slike plassar som Ressurssenteret på Hareid, som også er eit førebilete for andre kommunar, seier Ghanizadeh.

Over 100 elevar

Einingsleiar Arild Grimstad ved Ressurssenteret på Hareid var svært nøgd med solsikka og besøket frå Møre og Romsdal SV. Han fortel om då nynorsk vart ein del av den gjeldande læreplanen.

– Vi tok i bruk nynorsk som opplæringsspråk. Det vart ikkje spesielt godt motteke. Ordføraren ved kommunen tok opp saka i regionrådet, som til slutt gjorde eit vedtak om å innføre nynorsk som opplæringsspråk, fortel Grimstad.

Vidare fortel han om Ressurssenteret sitt interkommunale samarbeid med blant anna Volda og Ørsta.

– Kvar morgon kom eit busslass med norskelevar frå Ørsta og Volda til Hareid for å lære språk. Vi hadde på det meste over 100 elevar her. Det var utruleg kjekt. I dag har både Ørsta og Volda sitt eige tilbod om norskopplæring. Så vi er på ein måte attende til der vi var før det interkommunale samarbeidet, fortel Grimstad.

Men han viser til slutt mot det interkommunale samarbeidet Ressurssenteret har med Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, der innvandrarungdom også får opplæring ved senteret over kommunegrensene.

Vidare snakkar Ressurssenteret og SV-politikarane fagspråket seg i mellom, før dei takkar kvarandre for praten og skiljast.

For SV-bussen gjekk turen vidare til Volda laurdag kveld.

Førstekandidat, Ingrid Opedal i Møre og Romsdal SV helsar på dei frammøtte på Hareid laurdag ettermiddag. Foto: Joar Ødegård