Historielaget kjem før jul kvart år ut med eit nytt bind av “Levd liv”-serien, som tek føre seg ulike historier frå Ulstein. Den første boka kom i 2005, og 2013-utgåva er godt i rute.

Det er frå historiene i desse bøkene Fantastiske Osberget skal lage ein film som blir vist på kino og kjem ut på DVD i desember.

– Lettare tilgjengeleg

Då Vikebladet Vestposten vart inviterte til pressekonferanse onsdag føremiddag fekk vi sjå ein nesten ferdiglaga filmsnutt om tragedien som råka Haddal 25. mars 1909. Fem menn omkom på sjøen. Ei anna historie som blir med i filmen tek føre seg Gustav Adolf Olsen, ein innflyttar som sleit med å finne seg til rette i lokalmiljøet. Gode lokale forteljarrøyster presenterer historiene, som er krydra med bilete frå både fortid og notid.

– Mange er interesserte i historie, og vi trur det er stor interesse for ein slik film. Vi sel 500–600 eksemplar av Levd Liv årleg. Ved å gi ut film når vi ut til endå fleire. Film er eit lettare tilgjengeleg medium. DVD-en blir lagt ut for sal i butikkane, medan filmen blir vist for skuleborn og andre på Sjøborg. Dei som liker filmen kan deretter fordjupe seg i Levd liv-bøkene, forklarer Aksel Hauge og Magne Grimstad junior.

– Kjende med historia

Hauge er leiar i Ulstein historielag, medan Grimstad er dagleg leiar i Fantastiske Osberget. Dei to har samarbeidd tett om prosjektet, som også blir støtta økonomisk av fleire bedrifter for å få rekneskapen i balanse.

Ei samling på om lag 5000 bilete som avdøde Einar Grimstad (leia Spor forlag) eigde er tilgjengeleg. Det same er nokre filmsnuttar. Ved å gå ut i media om prosjektet i ein tidleg fase håper Magne Grimstad junior og Aksel Hauge at dei som eventuelt sit på relevant materiale kan melde seg.

– Vi ønskjer å løfte fram dei historiske perlene kommunen. Eit anna mål er at innbyggjarane skal bli betre kjende med si eiga historie og historia til eldre generasjonar, så vel som den historiske arven frå nabogarden, nabobygda eller andre stader i kommunen, seier Aksel Hauge.

Så vidt han og Magne Grimstad junior veit er det ingen andre historielag som tidlegare har “gått til filmen”.