– Solid og ekte. Dei to orda er viktige for Myklebust, og då er nynorsk det einaste rette for oss, sa Inge-Jonny Hide under nyskipinga av Sande Mållag. Han hadde med seg ei gåve på 5 000 kroner frå Myklebust Verft då det nye mållaget vart skipa torsdag 26. september. Folk frå heile Sande fylte Sparebankstova på Larsnes, og forsamlinga sette det nye styret med Camilla Auflem Vik som den første mållagsleiaren i Sande Mållag.

– Ringen er på eit vis slutta, opna ordførar Dag Vaagen, og trekte linjer tilbake til Bernt Støylen og fram til Per Sandanger sitt arbeid med ord og talemåtar, som i dag er nytta til dømes i Arturspelet.

Fleire sandssokningar er direktemedlemmer i Noregs Mållag, men no når det i sjølvaste Språkåret 2013 er skipa eige mållag i Sande, kan desse vere medlemmer lokalt.

Nynorsk i skulen

– Arbeid for nynorsk språk er viktig, innleidde også Einar Måseide i ei helsing  frå Hareid Mållag.

– Målbytet skjer gjerne i vidaregåande skule, men grunnlaget for forståing og haldningar til sitt eige språk vert ofte skapt i yngre alder. Vi besøker barnehagar med lesestund, bokgåver og tips til innkjøp av nynorsk litteratur, som ofte er betre enn mykje av det ein finn på bokmål. Fleire av dei prisvinnande bøkene er på nynorsk. Det same arbeidet er viktig i skulen, der retten til opplæring i eige språk heldigvis står fast. Det er også viktig at vi møter tilsette og foreldre med råd om språkopplæring til borna, fortalde Måseide.

Les bokmål på dialekt

Leiar i Sunnmøre Mållag, Terje Kjøde kom med eit godt råd til dei frammøtte.

– Når de les nynorskbøker til borna, les på normalisert eller bokrett nynorsk slik det står i teksten. Då lærer dei. Dei høyrer skilnaden til bokmål. Når de les bokmålsbøker, les på dialekt. Dei får nok bokmål gjennom fjernsyn, og ein høyrer i leikesnakking at dei skil dei to språka fint likevel.

Bedriftsnynorsk

– Vi har også hatt møter med ulike bedrifter i kommunen, heldt Måseide fram. Vi møter tilsette som er glade i språket sitt og kanskje brukar det privat, men i samband med arbeid vert det av og til bokmål. Det er kanskje tilfeldig, men det blir berre slik. Større verksemder som Ulstein, Kleven, Jets eller Myklebust og Pla-Ny i Sande har gjort seg opp ei meining med bruk av språk, og viser at det tener dei.

Mållaga i Herøy og Ulstein kom også med helsingar, og inviterte det nyskipa mållaget til tett  samarbeid.

Nynorsk står sterkt

Over 700 000 menneske nyttar nynorsk i dag, og i reine tal har fleire elevar nynorsk som hovudmål enn tidlegare. Dei fleste land i og utanfor Europa har fleire språk enn Noreg, og opplæring på morsmålet er ein sjølvsagt rett for dei fleste. Det finns om lag 7 000 språk i verda, og nynorsk er eit av dei privilegerte språka med god dokumentasjon, utbreidd bruk, eiga språklov og som er tett knytt til dialektane i landet.

Språkinteresse i Sande

– Eg vart overvelda over kor lett og fort det gjekk, kommenterte Kristian Fuglseth, nestleiar i Sunnmøre Mållag, og legg til at han har forklaringa. Sandssokningane er svært interesserte i språk og kultur. Heile 18 personar melde seg sporenstreks inn i laget, og styret var også på plass på ein, to tre. Sunnmøre Mållag stod for skipingsmøtet, med Kjell Ove Vasstrand i Sparebanken Møre som vert. Det nye styret er leiar Camilla Auflem Vik, nestleiar Anne-Lise Skoge Knotten, styremedlemmer Kjartan Bleie, Veronika Bonaa og Einar Ekroll. Varamedlemmer Brynhild Mykkeltveit og Aslak Storegjerde.

Bak frå venstre: Kristian Fuglseth, Reidun Auflem Vik, Kjartan Bleie, Einar Måseide, Kjartan Oksavik, Kjell Ove Vasstrand, Veronika Bonaa, Inge-Johnny Hide, Gunn Kirsti Hauge, Brynhild Mykkeltveit, Oddhild Gjengedal, Kristin Våge, og nyeleiaren Camilla Auflem Vik med ein sjekk frå Noregs Mållag på 5 000 kroner. Denne summen møtte Myklebust Verft, og kom med eiga gåve til det nye mållaget på 5 000 kroner til.