Oskar Myrene Skeide likar seg godt på sjøen og er ofte ute for å setje teiner. Spesielt no i haustferien reiser han gjerne ut kvar dag.

- Eg fiskar vanlegvis etter torsk, krabbe og vanlege fiskar, seier Oskar.

Tidleg i veka fekk han seg likevel ei overrasking då han drog opp ei havteine, for der hadde det snike seg inn ein stor havål.

- Det er det største eg nokon gong har fått, slår han fast.

- Kva gjorde du med havålen?

- Den vart selt til ein her i Ulsteinvik. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere med den.

Oskar fortel at han også tysdag var ute for å drage teiner, men denne gongen fekk han berre krabbe.