Mannen i 20-åra, som vart alvorleg skadd i dag tidleg i samband med i valdsepisode, døydde av skadane han vart påført. Det får Sunnmøre politidistrikt opplyst av St. Olavs Hospital i Trondheim.

Ein mann er pågripen etter hendinga og er no sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Dei pårørande til den døde er varsla.

Det var i dag tidleg, omlag kl. 04.45, at politiet fekk melding om at ein mann var utsett for vald i eit husvære i Ulstein. Den skadde mannen vart teken raskt hand om av ambulansepersonell og frakta til sjukehuset i Volda der han vart sendt vidare til St. Olavs hospital i Trondheim. Livet stod likevel ikkje til å redde. Den avdøde er heimehøyrande i Ulstein kommune.

Ein mann i 20-åra vart kort tid etter pågripen av politiet.

Den sikta har fått oppnevnt advokat Torgeir Langva som forsvarar. Mannen sit no i avhøyr hos politiet saman med forsvararen sin.

Kriminalteknikarar er i gang med åstadsundersøkjingar og det vil bli gjennomført vitneavhøyr og rundspørjingar i nabolaget.

Politiet ønskjer å framstille den sikta for varetektsfengsling, noko som truleg vil skje førstkomande torsdag.