To ungdomar klarte å kome seg velberga ut av ein bil som ca. kl. 19.20 begynte å brenne i kveld.

Bilturen enda på Slettebakken, Overå. Dei to i bilen merka ein kraftig puff, og fekk trive med seg ein CD-spelar før dei kasta seg ut.

Like etter var det full fyr i bilen, ein BMW stasjonsvogn av litt eldre årgang.

Då brannmannskap og ambulanse kom til staden, stod flammane høgt til himmels. Brannen var eksplosjonsarta, og bilen vart heilt utbrend.