Dette var sjuande gong på 10 år at Vamp gjesta Ulsteinvik, i alle fall om vi reknar med konserten gruppa hadde på Flø for nokre år tilbake.

– Vi elskar Ulsteinvik. Vi merkar det på publikum; her er vi alltid velkomne. Vi snakka litt om det, sidan det var så kort tid sidan vi var her sist. Men vi var aldri i tvil om vi skulle ta sjansen, seier Vamp-sjef Øyvind Staveland, og legg til:

– Dette er ein av dei små byane som vi berre må ha med oss på vegen, slik er det berre. Men vi blir jo litt overraska av at vi får spele for fullt hus, her i Sjøborg – kvar einaste gong. Kanskje er ei medverkande årsak til dette at vi er veldig bevisste på å gjere nye ting?

Gruppa kom i fjor med studioalbumet «Liten fuggel», som blei produsert av Espen Lind og spelt inn på Færøyane. I tillegg kom dei ut med samleskive; utgivinga fekk tittelen «To med alt».

Med seg på 20-års-jubileumsturneen, som altså pågår, er Jan Toft, ein av dei første og mest markante vokalistane i haugesundsbandet si historie. Stilen hans kan kort forklarast med at han er meir artist enn han er songar; han gir alt når han skal formidle ein tekst.

Låtane på spelelista denne gongen er meir variert enn nokon gong, ikkje minst fordi Staveland og dei andre ønskjer å spegle det rike materialet Vamp har opparbeida desse 20 åra. Tekstforfattar Kolbein Falkeid har vore ein viktig samarbeidspartnar, og vil truleg vere det også på neste plateprosjekt.

– Det skjer allereie på nyåret. Vi skal ta det litt med ro. 2014 blir eit år der vi skal lage nye låtar. Deretter må vi ut på vegen og oppsøke publikum igjen. Og då kjem vi sjølvsagt tilbake hit, forsikrar Staveland.