To unge jenter vart påkøyrde i Hareid sentrum i halv 9-tida torsdag kveld.

Den eine er frakta med luftambulanse til Ålesund, medan den andre er sendt med ambulanse til Volda.

Jentene vart påkøyrde i fotgjengarovergangen over Strandgata mellom Eurospar-området og Hamnesenteret.

Ein bil med ein ung mannleg sjåfør kom køyrande frå "Brandal-sida".

Vitne fortel at den eine jenta skal ha blitt kasta 10-15 meter gjennom lufta. Denne jenta var lagt på båre og overført til helikopter. Ho var medviten og kunne snakke med den næraste familien, som stod rundt henne.

Begge jentene er frå Hareid.

Skadeomfanget er førebels ukjent.

Førarkortet kverrsett

Poltiet opplyser at førarkortet til sjåføren er kverrsett.

Etterlyser fleire vitne

Politiet skriv på loggen sin torsdag kveld at dei gjerne vil ha kontakt med mulege vitne til ulykka - utover dei personane dei alt har snakka med. Vitna kan ta kontakt med Ulstein og Hareid lensmannskontor.