Fylkesmannen seier ja trass i negativt vedtak i Hareid formannskap og protestar frå oppsitjarane.

Salmar sitt anlegg for laks, ørret og regnbueørret erstattar Branco AS sitt tidlegare løyve. Dei dreiv i fleire år med torskeoppdrett same plass.

I høyringsperioden frå 26. september til 24. oktober i fjor kom det bl. a. inn protestar frå grannane i Almestranda. Også Hareid formannskap stilte seg negativ til søknaden. Formannskapet si grunngjeving var at  lakseoppdrett er meir intensivt enn torskeoppdrett og at anlegget derfor ville kunne gi auka ulemper for fastbuande og hytteeigarar i området.

I Fylkesmannen si innstilling går det fram at han ikkje finn grunnlag som tilseier at oppdrett – slik Salmar Organic legg det opp – vil ha særskilde negative verknader ut over dei generelle følgjene oppdrettsanlegg har for vill anadrom laksefisk.

Blir pålagt overvaking

Det er sett som vilkår for løyvet at det blir gjennomført undersøkingar av korleis botnforholda under og i nærleiken av anlegget blir påverka av aktiviteten. Fylkesmannen  presiserer at alle undersøkingar må utførast av ein kompetent uavhengig fagleg instans,  som er i  stand til å tolke resultata med tanke på miljøpåverknad.

Salmar Organic må rekne med å delfinansiere denne overvakinga. Dei kjem til å bli varsla før oppstart.

Risiko

Salmar Organic sitt anlegg ved Haggardsneset blir plassert i «risikoklasse 3» – noko Fylkesmannen grunngir med at anlegget vil sleppe ut store mengder organisk materiale og næringssalt.

Kan ikkje utan vidare felle oter og sjøfugl

Fylkesmannen gjer merksam på at oppdrett i sjøen kan generelt vere i konflikt med m. a. sjøfugl og oter. Salmar Organic kan ikkje utan vidare rekne med å få fellingsløyve for dyr som gjer skade. I staden må dei redusere skadepotensialet ved eigne førebyggande tiltak.