Arbeidet med Garnesplanen går etter planen for entreprenøren Aurstad.

«Utbetringane i Garneskrysset omfattar mellom anna ei ny rundkøyring som skal avlaste trafikken, ny belysning som vil gje betre oversikt og auke trafikktryggleiken og eit nytt kollektivknutepunkt som vil gjere det enklare for dei som reiser kollektivt å bytte buss», skriv Statens vegvesen på sine nettsider om prosjektet.

Prosjektpakke

Det nye Garneskrysset er ein del av prosjektpakken «Fv. 61 Ytre Søre Sunnmøre», som er sett i gang for å betre trafikktryggleiken, gje betre tilhøve for gåande og syklande, samt sikre betre avvikling av kollektivtrafikken.

I tillegg til Garneskrysset har Statens vegvesen, på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, fleire andre prosjekt som fell inn under denne pakken, mellom anna den nye miljøgata i Ulsteinvik og gangvegen over Hareidseidet.

Jarle Støyle som er Aurstad sin anleggsleiar for arbeidet ved Garneskrysset fortel at ein så langt ligg om lag på framdriftsplanen, og at det er venta at arbeidet vert avslutta i september.

Støyle seier at ein arbeider utifrå milepælar og at ein til dømes planlegg å byrje med støyisolering rundt 1. april.

– Det er ein del hus som skal støyisolerast både utvendig og innvendig, og det skal setjast opp støyskjermar i tre og glas, seier han.

Lettare utan snø

Sidan starten av bygginga har arbeidarane vore heldige med manglande vintervêr. Støyle fortel at dette er ein fordel, men at ein ikkje har spart så mykje tid, sidan arbeidet så langt hovudsakleg har vore masseflytting og sprenging.

– Det er mykje lettare når ein kjem om morgonen og ser alt.

Dersom det skulle kome mykje snø, så er det hovudsakleg rørlegginga som må forskyvast, men også støyisolering av hus vil også måtte vurderast.

– Er det full vinter 1. april, så må vi tenkje oss om, for det bur jo folk i husa, seier han.

Støyle fortel også at ein ynskjer å behalde dagens trafikksituasjon så lenge som mogeleg. Difor vert kollektivknutepunktet gjort ferdig først.

– Sjølve krysset skal senkast, og då må vi legge om vegen. Vi har vore i eit møte med Vegvesenet om dette, men datoen er enno ikkje klar, seier Støyle.