Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) seier til NRK Møre og Romsdal at  mangelen på kvinner i fylket er den største politiske utfordringa.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har færrast kvinner i alderen 20-39 år. Ved inngangen av 2013 var det 89,9 kvinner per 100 menn i denne gruppa. Landssnittet ligg på 95,1.

Ja til ny periode

Gunn Berit Gjerde har sagt ja til fire nye år i fylkespolitikken, og ho er ikkje i tvil om at den største utfordringa blir å få fleire kvinner til å busette seg i Møre og Romsdal.

Ho meiner fylket mister dei unge flinke kvinnene som skaper eit spennande fylke. Dei reiser ut for å utdanne seg, og kjem ikkje tilbake.

Ein viktig nøkkel for å få dette til, blir å gjere noko med høgskulesystemet, slik at fleire studerer her i fylket, meiner ho.