Sidan Eli Skaatun fekk ei multihandikappa dotter i 1976 har ho vore oppteken av vilkåra for utviklingshemma. Då Liv Karin var lita prøvde Eli å få eit fadderbarn som var utviklingshemma, men det var det ingen hjelpeorganisasjonar som tilbydde. Dei utviklingshemma blir ikkje prioriterte i utviklingsprosjekt, fortel Skaatun.

Men gjennom det Nepal-prosjektet sitt får ho i alle fall bidrege for å hjelpe denne gruppa.

Ei aktiv kvinne

Eli Skaatun er ei aktiv kvinne som er aktiv i fleire organisasjonar. Mange av lesarane til Vikebladet Vestposten kjenner henne kanskje best som politikar. Ho sat tidlegare i Ulstein kommunestyre for Venstre.

Ho er også aktiv i Norsk Forbund for utviklingshemma (NFU). Dei har arbeidd med å få på plass ei liknande foreining i Nepal.

Skaatun er også aktiv i fagforeininga Fellesorganisasjonen (FO) som organiserer barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsarbeidarar. I FO sit Skaatun i internasjonalt utval, der ho har fått høyre mykje om prosjekt i Nepal. Dei driv eit dagsenter for utviklingshemma i Nepal. Høgskulen i Sør-Trøndelag sender vernepleiestudentar nedover årleg.

Møtte ei mor frå Nepal

Kvart år får to representantar frå Nepal kome til Trøndelag å vere med på konferanse. Det var der Skaatun kom i kontakt med ei mor frå Nepal. Båe hadde multihandikappa døtrer, men der var også store skilnader. Kvinna i Nepal tok seg sjølv av dottera si Lisa på 23 år. Dei bur på eitt rom i femte etasje. Toalettet er i første etasje. Der er ikkje heis.

Sjølv om denne mora i Nepal er i ein langt vanskelegare situasjon enn Skaatun, viste ho stor omsut for Skaatun og dottera hennar. Eli var noko eldre enn henne, så ho vart sett på som ei gamal kvinne den nepalske kvinna ville hjelpe.

Etter konferansen spurte Eli seg: Kva kan eg gjere for å hjelpe? Tenk om eg kunne få i stand ei leilegheit for Lisa?

Ho tenkte vidare og kom til at ho ikkje ville hjelpe berre Lisa, men også andre. Kva om ho kunne få i stand ei avlastningsleilegheit for utviklingshemma?

Ballen byrja rulle

Det vart til at Eli Skaatun starta eit prosjekt for å få til dette. Ho hadde sett føre seg å finansierte avlastningsheimen ved at 50 stykke gav fadderstøtte på hundre kroner i månaden. For pengane ville ho fått nok til leilegheit, mat, straum og to tilsette i heimen.

No har ho fått hjelp. Det er fleire bedrifter som vil vere fødselshjelparar for prosjektet hennar i tre år.

Gjennom å vere aktiv i fleire organisasjonar har den driftige kvinna opparbeidd seg eit godt kontaktnett. Når ho den 4. april reiser til Nepal for første gong i sitt liv reiser ho ikkje aleine. Dei er til saman 19 stykke som reiser for å besøkje dagsenteret i Nepal. Der skal dei ha workshop for foreldra.

Skaatun skal halde sitt første føredrag på engelsk. Det er om foreldrerolla når ein har eit utviklingshemma barn.

På deira kultur og levesett

Dei har funne ei leilegheit knytt til dette dagsenteret som dei kan ta i bruk som avlastningsheim.

For Eli Skaatun er det viktig at avlastningsheimen dei opprettar i Nepal blir på deira kultur og levesett. Når ho kjem til Nepal vil ho diskutere med foreldra kva dei treng og ønskjer seg av tilbodet.