Kunstgalleriet Studio Hugo Opdal på Flø skal opne studio i Ålesund, Oslo, Stavanger, London og New York.

I ei pressemelding opplyser Studio Hugo Opdal at dei vil ta med seg kunstnarane sine ut på vegen for å halde gjesteutstillingar.

Ålesund først

- Vi vil sjå på dette som distriktskontora våre, fortel gründaren Hugo Opdal.

No ser dei fram til opninga i Ålesund, det det blir salsutstilling med bildekunstnaren Kenneth Blom. Opninga blir 24. mai.

Til hausten kjem multikunstnaren Pushwagner til jugendstilbyen for å stille ut kunsten sin. Begge kunstnarane har hatt stor suksess når dei har stilt ut på Flø tidlegare.

Samarbeidspartnar i Ålesund er Jacu AS som har etablert seg i ein gammal trafostasjon med ei takhøgde på heile ti meter.

- Dette er eit fantastisk lokale med kreative eigarar, fortel Opdal.

Jacu driv i dag ein kaffifabrikk i trafostasjonen, og vart i fjor kåra til Europas mest innovative av bransjen sjølv.

Flø som før

Galleridrifta på Flø skal halde fram som før. No har galleriet ei utstilling med Bjarne Melgaard som varer fram til 23. mars.

27. april opnar ei ny utstilling med Sverre Bjertnes.

- Vi føler vi utnyttar kapasiteten på Flø full ut. Samtidig har vi mange kunstnarar som vil gjere meir saman med galleriet. Då føler vi det vil vere uklokt å ikkje gripe sjansane til å få kunsten ut til nye publikummarar. Flø vi uansett vere navet i verksemda vår, og er grunnlaget for alt vi gjer, seier Opdal.