Under kommunestyremøtet i Hareid torsdag vart det samrøystes vedteke å slutte seg til ei felles oppreisingsordning for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal.

Prøvar smette ut bakvegen

Politikarane gjorde likevel endringar i tilrådinga. Kjartan Snipsøyr (KrF) bad om at det vart lagt til to punkt til vedtaket.

– Punkt tre er for svakt formulert, og eg foreslår at det vert endra til at vi ser det som sjølvsagt at fylkeskommunen må vere med på ordninga, sa Snipsøyr, som også ynskte at ein må stille spørsmål ved framlegget i høve rett til anke på enkeltvedtak.

– Det kan sjå ut for meg som at det offentlege prøvar å smette ut bakdøra, meinte han.

Kristian Fuglseth (Fl) ynskte å setje inn «til dømes for sanatoriebarn» som ledd i punkt ein i tilrådinga «Ordninga bør omfatte barn som har vore utsett for overgrep eller omsorgssvikt som følgje av kommunal plassering i institusjon, fosterheim og spesialskule.»

Framlegga frå Kjartan Snipsøyr og Kristian Fuglseth vart samrøystes vedtekne.