I ettermiddag (laurdag) var det dåp for Olympic Boa på Kleven Verft. Mange møtte fram denne herlege vårdagen i slutten av mars. Tradisjonen tru spelte Hasund Dimnøy Ungdomskorps. Dei er snart klare for både NM og 17. mai og dei spelte feiande flott.

Administrerande direktør i Kleven, Ståle Rasmussen, ønskte forsamlinga velkomen. Han takka alle som har gjort ein innsats for å få til den flotte båten. Det er ikkje få. Han sa at dei har mykje å gjere på verftet, dei er pressa i alle ledd, men det er kjekt når dei lukkast.

Gudmora Iren Bjerkan måtte smelle sjampanjeflaska i båten fleire gonger før ho omsider knuste. Men Rasmussen meinte det bringte hell at det måtte skje tre gonger.

Etterpå var det ope skip. Der var nydeleg lønsj og på kvelden er det festmiddag for spesielt inviterte gjester.