Langfredag, 18. april, går den tradisjonelle sjutoppsturen av stabelen på Sandsøya. Det er tiande gongen trimløpet og turmarsjen vert arrangerte, noko Sandsøy Idrettslag vil markere.

Første offisielle sjutoppsturen vart gjennomført i 2005. Den gongen var det mest å rekne som ein familietur. Sidan har det klaka på seg. Det er blitt innført konkurranseklasse og tidtaking, og premiar til dei aller raskaste gjennom det varierte og fine landskapet. Stadig meir populært har denne lang(tur)fredagen blitt.

Først og fremst er sjutoppsturen likevel framleis ei sosial hending, noko å strekkje seg mot. Dei som gjennomfører (for born held det med fire toppar) får fine medaljar å henge rundt halsen.

Opp gjennom åra har det blitt delt ut mange medaljar. I fjor deltok det nærare 300 (!) samla sett på sjutoppsturen og turmarsjen rundt Sandsvågen. Det inneber at trimdagen Langfredag på Sandsøya har fått godt fotfeste her i regionen. Folk kjem strøymande til frå andre bygder for å vere med på opplegget.

I år som i fjor går fjellturen og marsjen med utgangspunkt frå Rosenlund Marina på Sandshamn. Der stiller eit lokalt apparat med registrering og informasjon. I tillegg kan ein her få seg både vått og tørt, - og ein dusj om det trengst.

Eige jubileumshefte

Sekretær Eirik Voksøy Bringsvor i SIL og trimgruppeleiar Anders Bringsvor er mellom dei mange som legg til rette for arrangementet. I år vil dei jamvel kome med eige jubileumshefte som ein del av tiårsmarkeringa.

– Vi står også klare til å dele ut premiar til dei som, med deltaking i år, har vore med alle ti åra, varslar bringsvoringane. Dei har også sytt for at traséen er svært godt merka, eit felt der dei lokale arrangørane har blitt betre og betre år for år.

Sjutoppsturen er om lag 15 km lang, og samla stigning er på temmeleg nøyaktig 1.000 meter. Turen går til toppane Kletten, Kulen, Rinden, Signalen, Hellandsfjellet, Hornet og Grøntua. Sagt på ein annan måte: Fjella rundt Sandsvågen.

Rekorden vart sett i fjor, då Arve Rindal fossa gjennom løypa og kom i mål på 1.40.25. Vidare på lista: Joar Moldskred 1.42.50, Eirik Voksøy Bringsvor 1.44.19.

Sandsøy IL kjem tilbake med meir informasjon og annonsering om sjutoppsturen når påska nærmar seg.