Pergunn Gjerdsbakk er tilsett i ei nyoppretta stilling som Training Manager for Havyard Academy.

Gjerdsbakk kjem frå stillinga som forvaltningsansvarleg i Ulsmo Eiendom, ei stilling ho har hatt sidan 2006.

Teknologiutvikling og innovasjonsevne er dei viktigaste område til den maritime klynga. Havyard Group konkurrerer internasjonalt med ein skipsteknologi som omfattar store deler av verdikjeda frå skipsdesign, skipsutstyr og skipsbygging til støtte til skip i operasjon.

- For å utvikle konkurransedyktig teknologi og produkt er vi avhengige av å ha dei flinkaste og mest motiverte medarbeidarane i bransjen, uttaler Frank-Levi Kvalsund, HR direktør i Havyard Group i ei pressemelding.

Eigen "rektor"

Evna til å forvalte og utvikle eigen kompetanse, pluss tiltrekke seg kompetanse eksternt, vil vere viktige konkurransefortrinn for Havyard i framtida, legg Kvalsvik til.

Selskapet har derfor oppretta Havyard Academy.

Dette for å ha gode verkty til å kartlegge kompetasebehov og å gjennomføre program for å sørge for at kompetansen til dei tilsette dekkjer behova.

Havyard Academy jobbar med kompetanseutvikling gjennom rekruttering og utdanning av tilsette, og dei brukar ei blanding av interne og eksterne krefter for å gjennomføre kompetanseprogrammet.

For ytterlegare å styrke Havyard Academy har Havyard Group tilsett eigen "rektor" som vil få ansvaret med å vidareutvikle Akademiprogramma. Pergunn Gjerdsbakk skal ta til i stillinga over påske.

Ho kjem opprinneleg frå Haugsbygda i Sande, men er busett i Fosnavåg.