For å feire at regjeringa no har valt Hafast, vil Hareid kommune heise flagget på rådhuset i morgon.

Terje Høybakk, leiar i Mafoss, oppmodar Ulstein kommune om å gjere det same.

Gode vibrasjonar

Hareidsordførar Anders Riise visste ikkje før pressekonferansen i kveld kva regjeringa hadde bestemt seg for, men han hadde god tru på at dette ville gå vegen. Han kjende gode vibrasjonar.

Riise viste til at dette er noko det har vore jobba beinhardt for dei siste førti åra, særleg dei 7-8 åra har det vore jobba godt for Hafast.

- No er det ikkje hindringar meir, uttalte han gledesstrålande til Vikebladet Vestposten.

Frå før hadde Sunnmøre Regionråd, fylket og næringslivet uttalt seg for denne traseen. No har dei også regjeringa på laget.

Og teknologien er på plass.

- Honnør til statsråd og samferdselsdepartementet som har skora igjennom i denne saka. No veit me kvar traseen skal liggje. No gjeld det berre å skaffe nok midlar til planlegging, avrunda han.

Jublar for Hafast