(NPK-NTB): Berre knappe ein av fire ordførarar er positiv til å slå saman sin eigen kommune med andre, viser ei ny undersøking. Skepsisen er størst i små kommunar med ikkje-borgarlege ordførarar.

Undersøkinga som er gjennomført av Oxford Research og vert presentert i Dagens Næringsliv, viser at berre 23 prosent av ordførarane her i landet er positive til kommunesamanslåing.

Undersøkinga viser at det er stor forskjell mellom by og distrikt. 66 prosent av ordførarane i dei store kommunane er positive, mot berre 13 prosent i distrikta.

Ordførarar som høyrer til ikkje-borgarleg side er gjennomgåande meir negative til kommunesamanslåingar. 61 prosent seier dei er negative og 23 prosent at dei er positive, medan 16 prosent steller seg nøytrale i spørsmålet.

Blant dei borgarlege ordførarane er situasjonen omvendt. 69 prosent er positive og berre 12 prosent negative, medan 19 prosent svarer at dei er nøytrale.

Professor Jørn Rattsø ved NTNU er ikkje overraska over motstanden som kjem så tydeleg fram i undersøkinga, men han er overraska over at så mange ordførarar er positive til å gi frå seg jobben.

– For dette handlar jo om ei reform som vil ta frå tusenvis av lokalpolitikarar jobben, påpeiker han.

Undersøkinga blei gjennomført veka før regjeringa la fram den første delrapporten sin om kommunesamanslåing for to veker sidan. 253 av 428 ordførarar svarte på undersøkinga.