Lækjar Anna Hansson ved Ulstein legesenter skal fullføre spesialistutdanninga si innan almennmedisin det komande året. I mellomtida vil Elisabeth Parr vikariere for Hansson. Vikariatet tok til i går, den 14. april. Parr har mellom anna vore lækjar i Stordal.

- Når ein fastlege har ein vikar vert pasientane automatisk sett opp til time hos vikaren. forklarer Hansson. Anna Hansson sine pasientar treng såleis ikkje foreta seg noko når det gjeld fastlege. Ein møter vikaren den perioden fastlegen har permisjon.

Alle som har Anna Hansson (biletet) som fastlege vert automatisk overført til vikaren hennar det komande året, Elisabeth Parr.