Enkelte kommunar har innført eit «botnfrådag» i utrekningsgrunnlaget foreigedomsskatt. Men Hareid bør ikkje gjere det, går det fram av formannskapet sitilråding til kommunestyremøtet komande torsdag 24. april.

I saksutgreiinga heiter det at kommunen har høve til – som eit sosialttiltak - å innføre eit botnfrådrag og at det er politikarane som skal bestemmekor stort frådraget skal vere.

90 praktiserte ordninga i 2012

Av i alt 324 norske kommunar som hadde innført eigedomsskatt i 2012 oppgav90 at dei hadde sagt ja til ordninga.

Frådraget skal vere eit fast kronebeløp.I snitt hadde 83 kommunar gitt eit slikt frådrag på kr. 246.422, i følgjeopplysningar frå Statistisk Sentralbyrå.

Men kommunar som Vestnes, Volda og Giske – som alle har innført eigedomsskatt – gir ikkjebotnfrådrag.

Botnfrådraget vart i si tid innført for å kome til møtes innbyggararmed låg inntekt som bur i små, kostbare husvære i store byar.

- Hareid ikkje kostbar

Men Hareid kommune har ein heller låg kvadratmeterpris på bustaderog er ikkje i stor grad ein kostbar kommune å etablere seg i, les vi isakspapira.

Skulle ei slik ordning monne for Hareid, måtte botnfrådraget bli høgt.Men dette ville i så fall redusere kommunen sine inntekter på ordninga sterkt.

Som tidlegare meldt kan innbyggarane i kommunen rekne med å få sinførste «giro» på eigedomsskatt i juni.