I ettermiddagstimane melde smp.no at ein familie hadde funne to bortgøymde sekkar med smykker og ringar på Sulesund.

Kven som har vore eigaren av dette godset, er framleis ikkje avklara. Så langt har Ørsta Gull og Ur blitt nemnd som ein potensiell eigar, på bakgrunn av eit ran i butikken i for vel eit år sidan. Det har dagleg leiar, Trude Kile Sætrevik, avvist ovanfor Sunnmørsposten.

- Verdt 500.000

Ifølgje oppdagaren av dei to sekkane, Svein Hagen, skal verdien på desse smykkene og ringane vere svært monaleg.

- Berre på dei to bretta eg såg var det ringar med prisar på totalt om lag ein halv million, sier Hagen til smp.no.

- Kan vere frå oss

Optikk, Ur og Gull-butikken Birger Sunde vart også råka av eit ran for nokre år sidan.

Dagleg leiar i butikken, Birger Sunde, ønskjer ikkje å verken stadfeste eller avvise ovanfor Vikebladet Vestposten om funnet kan stamme frå butikken hans.

- Eg er for tida på påskeferie, så eg veit ikkje så mykje meir enn det eg har fått med meg gjennom nyheitene, seier han på telefon frå Kvitfjell.

- Kan det hende at funnet stammar frå dykk?

- Det kan vere, men det kan eg ikkje stadfeste før eg har sett det med eigne auge. Vi skal setje oss ned og sjå på dette når ferien er over, seier ein spent butikkeigar.

Her ser vi ein av sekkane som vert flytta ut frå buskene. Foto: ingrid hagen