Medan Sogn og Fjordane er fylket der aller flest har betalt i tide, kjem Møre og Romsdal på ein andreplass. Det er likevel store skilnadar mellom kommunene i fylket. I snitt er det om lag 7,9 prosent av dei som har fått krav om årsavgift, som og vil få eit purregebyr her i fylket. Norddal kommune har lågast prosent som får purregebyr med berre 4, 79 prosent, medan det er Hareid som kjem dårlegast ut på fylkesstatistikken. Hareid er einaste kommunen i Møre og Romsdal der over ti prosent vil få tilsendt purring på årsavgifta.

41 millionar ikkje innbetalt

Ifølgje Tollvesenet sendte dei tidlegare i år ut 3,6 millionar krav om årsavgift, og 331.000 krav er enno ikkje betalt. Finmark kjem dårlegast ut av fylka i oversikta til Tollvesenet.

I tillegg til Hareid kommune er også Stordal, Sykkylven, Sula, Fræna og Smøla på topp når det gjeld prosentdel som får purring.

Ulstein kommune har 6,83 prosent som får purregebyr, medan Herøy og Sande ligg på om lag 7,7 prosent.

Totalt i Møre og Romsdal er det sendt ut purring for manglande innbetaling på meir enn 41 millionar kroner, melder Tollvesenet.

"Dei som får purring har anten ikkje betalt årsavgifta eller betalt avgifta for seint. I begge tilfelle må dei no betale ei tilleggsavgift. Har du betalt etter forfall, skal du berre betale tilleggsavgifta. Fristen for å betale krava er 9. mai. Dersom årsavgifta eller tilleggsavgifta ikkje er betalt innan fristen, vedtek Tollvesenet  køyretøyet avskilta", skriv Tollvesenet på sine nettsider.