Vegen forbi Ulstein Bil er stengt. For å kome til bilforhandlaren må ein køyre inn ved Ulstein vidaregåande skule.

Odd Kåre Wiik i Ulstein kommune kan opplyse om at vegen vart stengt i går (onsdag), og opnar igjen i morgon (fredag).

Vegen er stengt i samband med at det blir lagt ned ein del røyr til vatn, avløp, fjernvarme og anna.

Gravemaskinen har grave over vegen. Der skal leggjast ned røyr.