Premieren blir i vernebygget over ishavsskuta Aarvak, og arrangementet er ope for alle interesserte. Men dei som er interesserte i å kjøpe seg middag og høyre konserten med folkemusikarane Gabriel Fliflet og Jorunn Marie Kvernberg ved Ishavsmuseet etter filmpremieren, må tinge seg billettar på førehand.

Det er brørne Are og Sturla Pilskog i Blåst Film som har laga dokumentarfilmen «Ishavshender». Dei har gått tett på hendene til tidlegare fangstmenn, og dei har filma drivis frå isbrytar og helikopter. Det har blitt ei poetisk og vakker reise inn i eit «handskap» som har vore spesielt for Sunnmøre.

Kjempelerret

Filmen har fått støtte både frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Nordvest Film og representantar frå begge vil vere til stades under premieren.

Are Pilskog fortel at Plan-Ny i Haugsbygda har skaffa dei eit filmlerret på 5x3 meter som skal hengast opp framfor styrehuset på Aarvak. Publikum skal så sitje som i eit amfi på dekk under filmframsyninga.

Filmen er 11 minutt lang, og Norsk Bygdekino kjem med ein svær kinoprosjektor.

Men før sjølve filmpremieren vil hendene som har blitt sendt inn til Vikebladet Vestposten si nettside og Facebook-side bli synte på storskjermen. Dei om lag 80 hendene som har kome inn skal rulle og gå før premieren. - Det har kome inn mange fasinerande hender. Alt frå små barnehender til opererte og skrukkete hender. Enkelte har også lagt ved små historier om hendene sine, og det gjer det ekstra artig, kommenterer Are Pilskog.

Han håper det kjem mykje folk til premieren.

Konsert

Etter framsyninga av film og hender blir det konsert ved Ishavsmuseet Aarvak. Folkemusikaren Gabriel Fliflet har laga musikken til filmen «Ishavshender», og har saman med felespelaren Jorunn Maria Kvernberg turnert med konserten «Valseria». Dei skal framføre deler av denne konserten, pluss ein del anna stoff.

Fliflet vart i 2011 kåra til «Årets folkemusikar» og  samarbeidet med Kvernberg har hausta gode kritikkar.