Torsdag vart Leverandørkonferansen 2014 arrangert i Sjøborg kulturhus og Quality Hotel Ulstein. Dette var 14. gongen på rad at konferansen blir arrangert.

I vindauget over kan du sjå klipp frå nokre av innlegga som vart presenterte under konferansen.

Om lag 200 personar frå den maritime industrien på søre Sunnmøre hadde funne vegen til konferansen, som stilte med eit eliteserielag av innleggshaldarar, som mellom anna Tore Ulstein, Stig Remøy og Håvard Ulstein frå Island Offshore.