- Vi gler oss og oppmodar folk i regionen om å vere med og lage besøket til ein folkefest, samstemmer det lokale arrangørlaget.

Innbyggjarane på Søre Sunnmøre trenger ikkje pakke ned flagga etter årets 17.mai.

Hareidshallen

Alt dagen etter 200-års feiringa av fedrelandet brakar det laust med førebuingar til ein storkonsert der KORK (Kringkastingsorkesteret)og lokale talent skal på scena saman i Hareidhallen. -Ørsta og Ulstein har fleire musikalske talent i toppklasse. Laurdag 24.mai får nokre av desse høve til å spele saman med Noregs beste band, KORK. Dette er knallstas for artistane, og minst like superstas for stolte folk frå desse to vakre bygdene, seier Ulstein sin lokale koordinator Jan Thormodsæter.

-Ein unik sjanse

«Da KORK kom til bygda» er NRK si musikalske storsatsing i år. Den familievennlege TV-serien handlar om korleis tre musikalske talent førebur seg til å spele saman med KORK, og korleis bygda førebur sjølve konserten.

Dette blir eit dokumentarisk TV-program som endar med utdrag av konserten som eit klimaks.

Programserien skal på lufta i beste sendetid på NRK1 laurdagar til hausten. Ulstein og Ørsta er altså to av stadane som får besøk. Frå og med søndag 18.mai, og fram til konserten laurdag 24.mai vil NRK filme dugnaden, entusiasmen og folkemylderet. -Dette gir oss ein unik sjanse til å vise fram alle dei gode verdiane som kjenneteiknar regionen vår med alt frå fjord, fjell  og Ivar Aasen -  til industri og landbruk , seier Ørsta sin lokalkoordinator Rebecca Riise Bjerknes.Saman med Thormodsæter jobbar ho tett saman med kulturkontora i Ulstein og Ørsta som er lokale arrangørar: - Målet vårt er å engasjere flest muleg for å skape ei minneverdig veke med NRK og KORK!

Frir til dugnadsanda

Det lokale arrangørlaget viser til Bardu og Modum som er to av stadane som alt har hatt besøk av NRK og KORK.

Presseoppslag og innlegg på deira Facebook-sider viser at engasjementet i desse kommunane har vore enormt.

Lokalarrangørane i Ørsta og Ulstein ønskjer å oppleve ei minst like stor dugnadsand frå innbyggjarane på Søre Sunnmøre.- Her har du sjansen til å få jobbe med noko av det mest profesjonelle produksjonsmiljøet i Noreg , frå innsida!

Det er behov for dugnadsarbeid  både gjennom førebuinga, og i gjennomføringa av den store konserten. Vi trenger folk til fleire grupper: kostyme, dekor, scenerigg, PR og matlaging, fortel Thormodsæter.Invitasjonen går ikkje berre til innbyggjarane i Ulstein og Ørsta. Om det er folk frå nabokommunane på Søre Sunnmøre som også har lyst å bli med er det berre å melde si interesse.-Folk vil heilt klart merke at KORK og NRK er på besøk, og vi oppmodar om at dei vert tekne i mot med opne armar, avsluttar det lokale arrangørlaget.

FAKTA:

«Da KORK kom til bygda» er ein familievennleg TV-serie om korleis nokre utvalde musikalske talent førebur seg til å spele i lag med KORK (Kringkastingsorkesteret), og korleis bygda førebur sjølve konserten. TV-serien som skal på lufta i beste sendetid på NRK1 laurdagar til hausten besøker i tillegg til Ulstein og Ørsta, stadane Modum i Buskerud, Bardu i Troms, Egersund/Dalane i Rogaland og Kvam i Hardanger. Dei ulike stadane får eigen programleiar. I Ulstein og Ørsta er det Ingrid Gjessing Linhave som har oppdraget.Innspelinga av programmet frå våre kommunar startar søndag 18.mai og vert avslutta med sjølve konserten i Hareidhallen laurdag 24.mai.  Det er førebels hemmeleg kven dei tre lokale musikalske talenta frå Ulstein og Ørsta er.

Ingrid Gjessing Linhave blir programleiar for programmet frå Ørsta og Ulstein.