Måndag 2. juni blir det tromma saman til eit stort E39-møte på Radisson Blu-hotellet i Ålesund.

I møtet vil det bli sett fram krav om tilstrekkeleg med planleggingsmidlar til Møreaksen, Hafast og Halsafjordsambandet på statsbudsjettet for 2015.

I pressemeldinga for møtet går det fram at det blir ein brei presentasjon av dei ulike store samferdselsprosjekta i regionen – med vekt på kor viktig infrastrukturen er for utviklinga i fylket.

Statens Vegvesen stiller med to mann:

Kjetil Strand vil orientere om Hafast, Møreaksen, Halsafjordsambandet og alle tilførselsvegane desse vil utløyse, medan Olav Ellevset vil orientere om planane for teknologiutvikling for ferjefri E39.

Statssekretær i samferdselsdepartementet Jon Georg Dale og fylkesordførar Jon Aasen skal også ha ordet. Overskrift på sistnemnde sitt innlegg er «Kor viktig det er med full framdrift i planlegginga».

Leiar av samferdselsutvalet i fylket, Oddbjørn Vatne, kjem til å presisere kor viktig det er at staten  følgjer opp det grunnlaget som no er lagt regionalt.