Nærare 150 deltok i den katolske Jomfru Maria-messa ("Flores de Mayo")  i Ulstein kyrkje søndag. Etter messa gjekk deltakarane i prosesjon gjennom Ulsteinvik sentrum i det vakraste vårvêr som tenkast kan.

Før messa tok til opplyste kapellan Ole Martin Stamnestrø at han hadde teke med dobbelt så mange salmebøker som vanleg, men det var likevel ikkje nok.

- I dag skal vi feire at Gud har gitt oss ei kjærleg mor, sa presten. - Og vi vil bere henne ut i gatene for å vise kor takknemlege vi er for det.

Kapellanen opplyste elles at dei katolske messene i Ulsteinvik resten av 2014 vil vere i Ulsteinkyrkja - og han takka den lutherske kyrkjelyden i Ulstein ved soknepresten for den generøsiteten den katolske kyrkja vart vist på denne måten.

Vi kjem tilbake med meir om denne hendinga i tysdagsavisa.

Mange gjekk til katolsk nattverd i Ulstein kyrkje søndag.