Utgangspunktet var at Comfort ville ha eit nytt bygg der dei fekk plass til butikken som no er i Ulsteinvik sentrum, lager og ein møteplass for dei tilsette. Frode Gjerde som er dagleg leiar i Comfort fortel at han er ein engasjert person som har lyst til å prøve noko nytt. Difor kom han i kontakt med Bjørn Helset i Wind Energy Nordic As. Han ville ha vindmølle og solcellepanel på det nye bygget.

– Som røyrleggjar så tenkjer eg på teknikken, forklarer Gjerde som er glad for at han kopla inn Enøksenteret i planlegginga av det nye huset. Kristian Sirnes tenkte på ein heilt annan måte. Før ein tenkjer på korleis ein skal skaffe straum, bør ein prøve å minske behovet for straum. Det er mykje ein kan gjere for å spare straum. Ein bør tenkje isolasjon, ventilasjon og gode vindauge.

Ein bør ikkje kunne opne vindauga på kontora, heller ha god ventilasjon i bygget som gjev god luft og temperatur.

– Det handlar om å ha ein god plan. Enøksenteret må tidleg inn i biletet, oppsummerer Gjerde.

Minstekrava ikkje godt nokDei fleste bygga som blir oppført følgjer dei tekniske minstekrava. Dei vil byggje billeg og selje dyrt, kommenterer Gjerde. Men om du har eit litt langsiktig perspektiv i husbygginga blir det også andre moment som er viktige.

– I eit langt tidsperspektiv er det lønsamt å byggje eit godt bygg, seier Sirnes.

Enøksenteret reknar på kor mykje eit bygg kjem til å bruke i straum. Det nye bygget til Comfort blir på over 800 kvm. Hadde dei bygt eit «vanleg» næringsbygg etter minstekrava ville dei betalt 190 000 kroner i straum i året. Ved å isolere betre og å produsere straum sjølve vil dei sleppe å betale straum. Dei har til og med ambisjonar om å lage meir straum enn dei brukar og selje straumen til Tussa.

Ikkje kostbartFor å produsere straum vil det nye bygget få solcellepanel på taket. Utanfor vil dei ha ei 14 meter høg vindmølle.

– Det blir det første næringsbygget i Noreg som har denne kombinasjonen med å nytte vind, sol og ledlys, seier Helset.

Investeringane dei gjer seg vil vare i 25 år, men vil ha lønt seg etter berre 5 år.

– Eg var ekstremt spent på om kommunen ville godkjenne ei vindmølle. Dei skal ha ros for å vere den første kommunen her ute som godkjenner noko slikt, seier Frode Gjerde.

Nokre forbind vindmøller med støy og oppkutta fuglar. Men denne vindmølla lagar halvparten så mykje støy som ei varmepumpe.

– Desse vindmøllene tek ikkje livet av fugl. Dei er synlege for fuglane. Det finst åtte slike vindmøller i Noreg, dei har ikkje skremt eller skadd nokon, forsikrar Bjørn Helset.

– Vindmølla produserer mindre straum enn solcellepanela, men det er eit viktig blikkfang, seier Gjerde.

Han likar tanken på at andre skal leggje merke til det nye næringsbygget hans og bli inspirerte. Ein kunne fått mykje straum visst fleire næringsbygg hadde solcellepanel på taket. Klimaet på Sunnmøre er glimrande, ein treng ikkje steiksol for at det skal bli straum av det. Tvert i mot er det ein fordel at det er litt overskya og kaldt, då varer panela lenger og ein får meir straum.

Sirnes meiner at det også er bra for inneklimaet, og såleis bra for dei tilsette, med energihus.

Går alt etter planen har dei flytta inn i huset til nyttår.

Kombinasjonen med solcellepanel, vindmølle og ledlys gjer at dette næringsbygget vil produsere meir energi enn dei brukar. Frode Gjerde håpar at fleire husbyggjarar blir inspirerte.